Hjortejakta i år

Knapt halvparten av kvota er tatt

For første gong på sjå år kan det sjå ut som hjortebestanda er på veg ned i Stranda. Illustrasjonsfoto  Foto: Peter Vibe/Colourbox.com

Nyhende

Hjortejakta er ferdig lille julaften, og siste veka inn i hjortejakta i år syner tala at fellingsgraden er på 49 prosent per 16. desember.

Kun eitt av valda har skote full kvote, og det er Blomberg hjortevald. Dei hadde ei kvote på to dyr, og båe er felt.

Det valdet som er nærast full kvote, er Nedre Sunnylvsbygda hjortevald. Dei har ei kvote på 50 dyr, og har skote 45. Det gir ein fellingsgrad på 90 prosent.

Tildelt kvote på valda i år er 905 dyr. 447 dyr er felte.

Prosentvis fordeling på dyra syner at det er flest halvannaårsdyr som er felt, 34 prosent. Kalvane utgjer 29 prosent, eldre hannar 13 prosent og eldre koller 25 prosent.

Oversyn frå valda

Liabygda hjortevald har fått tildelt kvote på 98 dyr, og har felt 56 - noko som gir fellingsgrad på 57 prosent.

Bygda hjortevald har ei kvote på 100 dyr, og har felt 34 - ein fellingsgrad på 34 prosent.

Habostaddalen hjortevald har ei kvote på 51 dyr, og har felt 10 - ein fellingsgrad på 20 prosent.

Helstad hjortevald har ei kvote på 68 dyr, og har felt 37 - ein fellingsgrad på 54 prosent.

Stranda sør hjortevald har ei kvote på 108 dyr, og har felt 41 - ein fellingsgrad på 38 prosent.

Stranda nord hjortevald har ei kvote på 103 dyr, og har felt 25 - ein fellingsgrad på 24 prosent.

Nedre Sunnylvsbygda hjortevald har ei kvote på 50 dyr, og har felt 45 - ein fellingsgrad på 90 prosent.

Øvre Sunnylvsbygda hjortevald har ei kvote på 77 dyr, og har felt 61 - ein fellingsgrad på 79 prosent.

Langedalen hjortevald har ei kvote på 130 dyr, og har felt 80 - ein fellingsgrad på 62 prosent.

Oaldsbygda hjortevald har ei kvote på 34 dyr, og har felt 13 - ein fellingsgrad på 38 prosent.

Geiranger hjortevald har ei kvote på 38 dyr, og har felt 12 - ein fellingsgrad på 32 prosent.

Fausadal hjortevald har ei kvote på 38 dyr, og har felt 29 - ein fellingsgrad på 76 prosent.

Drege hjortevald har ei kvote på fire dyr, og har felt to - ein fellingsgrad på 50 prosent.

Syltevik og Vike hjortevald har båe kvote på to dyr, men ingen er der felte.