Millionstøtte til nye reiselivssatsingar i Møre og Romsdal

"Smaken av Sunnmøre" på Stranda er eitt av prosjekta som får støtte frå fylket og Innovasjon Norge for å utvikle reiselivsopplevingar rundt mat, kultur og natur.  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyhende

Fire prosjekt i Møre og Romsdal får til saman 3 millionar kroner for å utvikla reiselivsopplevingar rundt mat, kultur og natur.

Pengane kjem frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Noreg. Dei fire som har fått støtte er: «Smaken av Smøla» på Smøla, «Opplevelser i fossens rike» i Sunndal, «Smaken av Sunnmøre» på Stranda og «Opplev Tingvoll» på Tingvoll.

– Desse prosjekta representerer spennande koplingar mellom tradisjonelt reiseliv, kultur og lokal mat og drikke, eit lite utnytta potensial i dag, seier reiselivsansvarleg i Innovasjon Noreg Møre og Romsdal, Marit Giske-Nilsen i ei pressemelding.

Målet er at dei fire prosjekta skal få hjelp til å utvikla seg og vera klare for sal i 2021.

Prosjektleiar i fylkeskommunen, Jan Sverre «Sivert» Sivertsen, har stor tru på satsinga.

– Skal Møre og Romsdal bli opplevingsfylket nummer 1 i Noreg, må vi utvikla fleire attraktive opplevingsprodukt. Målet er at minst eitt av produkta, som no får støtte, skal bli eit like populært produkt som Romsdalseggen, som også vart til som eit liknande pilotprosjekt for nokre år sidan, seier han.