Midlar til Bokåret 2019

Illustrasjonsfoto.  Foto: Arkivfoto.

Nyhende

I ei pressemelding fortel Møre og Romsdal Fylkeskommune at det er løyvd 500 000 kroner frå Nasjonalbiblioteket til ei lesekampanje i biblioteka i Møre og Romsdal neste år.

– Kampanjen har fått namnet «Bok på veg», og målet er å få folk til å erstatte nokre av skjerm-minutta med lesing i Bokåret 2019, heiter det i pressemeldinga. Fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen ønskjer å skjerpe fokuset på litteraturen i 2019.

– Mykje av den tida vi ein gong fylte med å lese bøker, er no erstatta med tilfeldig blaing på skjermen. Den digitale kvardagen er komen for å bli, men vi trur også at mange ønskjer seg ein dytt i retning av noko meir saktegåande og stimulerande å bruke ledige timar på, seier Wedlog Olsen i pressemeldinga.