Tal frå arbeidsmarknaden

Illustrasjonsfoto.  Foto: Arkivfoto.

Nyhende

I ei pressemelding meldar Nav om positive tal for arbeidsløysa dei siste seks månadane.

– Det har vore ei god utvikling i arbeidsløysa i Møre og Romsdal i 2018. Når ein tek omsyn til vanlege sesongvariasjonar og ny registreringspraksis har arbeidsløysa blitt redusert kvar månad det siste halve året, seier fylkesdirektør i Nav, Stein Veland i pressemeldinga.

I desember 2018 er 3 134 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,3 prosent av arbeidsstokken. Dette er ein nedgang i arbeidsløysa på 8,4 prosent frå same månad i fjor.

I Stranda kommune er det i desember 2018 registrert 44 personar utan arbeid. Dette utgjer 1,7 prosent av den totale arbeidsstokken i kommunen.

Blant nabokommunane ser den prosentvise arbeidsløysa slik ut:

Stordal: 2,3 prosent

Norddal: 0,8 prosent

Sykkylven: 1,2 prosent