Barnevernvakta tek ikkje juleferie

Nyhende

Barnevernvakta i Stranda kommune tek ikkje juleferie. I april i år inngjekk Stranda samarbeid med Giske, Sula og Sykkylven om samarbeid om barnevernvakta, noko som sosialleiar Aina Holmberg fortel fungerer bra.


Barnevernvaktsamarbeidet startar

Stranda kommune blir ein del av interkommunalt barnevernvaktsamarbeid.


- Vi hadde eit evalueringsmøte nyleg i Sykkylven, og tilbakemeldingane frå alle kommunane er at samarbeidet fungerer godt. Det er eit bra og nyttig tilbod som vi har behov for å gjere meir kjend. For vi veit at behovet for oss er der ute, vi får henvendingar kvar veke i alle kommunane i samarbeidet, seier Holmberg.

Holmberg oppmodar om å bruke vakttelefonen til barnevernvakta om ein er uroa.

- Det er betre med ein telefon for mykje enn ein for lite. Kven som helst kan ringe barnevernvakta. Er du uroleg for eit barn, så ring, er oppmodinga frå Holmberg.

Holmberg fortel at ein kan få veilledning frå barnevernvakta, og sjølvsagt òg hjelp om situasjonen er akutt. Barnevernvakta vert fordelt mellom kommunane i samarbeidet, og det er vakthavande som rykker ut uavhenging av kvar av samarbeidskommunane situasjonen oppstår.

- Ved akuttsituasjoner er det vakta som rykker ut, og vi har ei responstid på to timar ved akuttsituasjonar. I slike situasjonar har vi òg dialog med politiet, seier ho.

- Vi ser diverre at behovet for oss aukar inn mot høgtider og feriar. Foreldre tek kontakt, naboar tek kontakt, seier Holmberg.

Er du uroleg for eit barn eller treng hjelp/veiledning frå barnevernvakta? Telefonnummeret er 412 84 400