Havila vil organisera og standardisera hamnene

Havila Kystruten skal frå 2021 segla kystruta mellom Bergen og Kirkenes med fire nye skip. Skipa skal gå på ein kombinasjon av flytande naturgass (LNG) og batteri. Illustrasjon: Havila Kystruten 

Nyhende

Havila Kystruten ønsker seg organisering av hamnene langs kysten lik den som finst for lufthamnene som er eigd av Avinor.

– På same måte som for flyplassane, trengst det samordning og standardiserte løysingar for hamnene. Dette hastar å få på plass, me er alt kraftig på etterskot, seier direktør Arild Myrvoll i Havila Kystruten til nett.no.

Avinor har ansvar for dei 45 statleg eigde lufthamnene og flysikringstenesta for sivil og militær luftfart Noreg. Havila Kystruten meiner det er for tungvint å forhandla med 34 ulike hamner langs kysten og foreslår ein liknande eigarskapsstruktur for sjø.

Bakgrunnen for utspelet er at Havila Kystruten frå 2021 skal segla utsleppsfritt i verdsarvfjordane og i delar av kystruta frå 2021 ved ein kombinasjon av flytande naturgass (LNG) og batteri.

Då treng skipa å lada batteria. Havila opplyser at reiarlaget har endra plasseringa av ladepunktet for å passa løysinga som Bergen hamn har valt. Myrvoll ser ikkje bort frå at dei må ha fleire ladepunkt, og vil derfor ha hjelp frå styresmaktene for å finna standardiserte løysingar.

– Me brukar 500 millionar kroner på batteripakkar og miljøvenlege løysingar, men me opplever store praktiske problem sidan det i dag er fritt fram for hamnene å velje sine eigne løysingar, seier han til næringsavisa.

Før jul blei det kjent at Havila Kystruten får nær 88 millionar kroner i støtte frå Enova til dei fire nye skipa. Tidlegare i desember fekk eit konsortium beståande av Havyard, Havila, Sintef Ocean og Protech 41 millionar i utviklingsstøtte frå den statlege finansieringsordninga Pilot-E. Den sistnemnde støtta kan til slutt komma på over 100 millionar kroner og vil dekkja 40 til 50 prosent av investeringa.