Frivillighetsprisen 2018

– Kjekt å bli sett pris på

Sidan 2007 har Stranda Frivilligsentral kvart år delt ut Frivillighetsprisen til nokon som har gjort ein særskilt innsats innan frivillig arbeid.

Styreleiar Øystein Lied Lunde og styremedlem Anne Mette Viggehagen overrekte prisen under julekonserten i Geiranger kyrkje.  Foto: Privat.

Nyhende

Prisen for 2018 gjekk til Terje Rusten og vart delt ut under julekonserten i Geiranger kyrkje like før jul. Sparebanken Møre sponsar prisen og tradisjonen tru skal det vere eit bilete eller eit måleri av ein kunstnar frå Stranda kommune. Denne gongen var det eit måleri av Donka Uzunova Petkova som vart delt ut. Prisen vart delt ut av styreleiar i Frivilligsentralen, Øystein Lied Lunde og styremedlem Anne Mette Viggehagen.