Ustabilt i fjellet

Snøskredfaren auker

  Foto: Colourbox.com

Nyhende

NVE varslar om at snøskredfaren auker fram mot helga på varsom.no

I dag torsdag er varselet betydeleg fare for snøskred - faregrad 3. Det er generelt ustabile forhold i fjellet, og det vert rådd til at ein unngår leområde og anna terreng der vinden har lagt frå seg mykje nysnø.

Naturleg utløyste skred kan førekomme, ifølge skredvarslinga.

Stor snøskredfare fredag

Fredag vert varselet auka til farenivå 4 - stor fare for snøskred.

For varselet fredag, skriv varsom.no at mykje regn på nysnøflak dagane før vil føre til ein del naturleg utløyste skred. Det vil vere mest våte laussnøskred, men òg ein del våte flakskred.

Det vil løysne flest skred mellom rundt 700 til 1600 meter over havet, og i vestleg del av regionen.

Det vert rådd at ein held seg unna skredterreng.