Feil i høgspentmast

Straumen utkopla i Strandadalen

Nyhende

Stranda energi melder om feil i ei høgspentmast, og har kopla ut straumen frå Sve til Herdalen torsdag ettermiddag.

Feilen er i ein høgspentbrytar på Sve. Straumen er kopla ut mellom Sve og Herdal medan feilen blir utbetra.

Nettsjef Terje Årdal i Stranda Energi nett seier til Sunnmøringen kvart på to torsdag at ein held på å undersøke feilen, og at ein forsyner fram til Rødset frå Hellesylt.

Ein video som Stranda energi nett har lagt ut, syner gnister frå høgspentbrytaren.

Halv tre melder Årdal  at alle straumkundar vil ha straumen tilbake i løpet av ein halvtimes tid. Feilen er identifisert, men vil ikkje verte retta opp i dag. I mellomtida vil kundane få straumforsyning frå Hellesylt.