Mellombels fylkesmann

To søkjarar til embetet

Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste. Foto: Johan Behrentz  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Søknadsfristen til embetet som mellombels fylkesmann i Møre og Romsdal gjekk ut 3. januar. I følge pressemelding frå kommunal- og moderniseringsdepartementet, er det to søkjarar til stillinga.

Dei to søkjarane er

Thorbjørn Gaarder, 63 år frå Oslo.

Rigmor Brøste, 53 år frå Molde.

Rigmor Brøste er i dag assisterande fylkesmann i Møre og Romsdal, eit embete ho har hatt sidan juni 2012.

Else-May Botten tek over embetet som ny fylkesmann i Møre og Romsdal frå 2021, når noverande stortingsperiode går ut.