Tre lastebilar berga med lokal hjelp

Erfaring kom godt med

Natt til tysdag stod dei fast på veg opp fjellet, tysdag stod dei igjen fast på veg opp fjellet. Onsdag kom redninga frå E-trans for dei tre polske lastebilane.
Nyhende

Brede Engeset, dagleg leiar i E-trans, fekk telefon frå det polske firmaet Panas Transport om dei kunne trø til med bergingshjelp. Det polske firmaet stod fast med tre trekkvogner med svalehalshenger spredt langs Hevsdalsvegen oppover mot Strandafjellet.