Symjebassenget ved Ringstad skule

No er arbeidet i gong

Reparasjon: Det førebuande arbeidet er i gong. Snart er ny bassengduk på plass.  Foto: Ole Tommy Hanssen

Nyhende

Tysdag kveld kom dei danske arbeidarane som skal reparere symjebassenget ved Ringstad skule. Onsdag føremiddag var dei godt i gong med det førebuande arbeidet før den nye bassengduken skal på. Den gamle duken var som kjend så morken at det førte til store lekkasjar.

Ny duk nærmar seg

Den nye duken er opphavleg sendt frå Canada, men har vore fast i Frankrike sidan før jul på grunn av opptøyane i landet. No skal han visstnok nærme seg Stranda.

– Den nye duken er ikkje komen enda, men vi reknar med at den er like rundt hjørnet, fortel vaktmeister ved Ringstad skule, Andre von Soosten.

Opning i januar?

Vaktmeisteren kan fortelje at dei håpar å kunne opne bassenget rundt månadsskiftet.

– Det kan vere litt vanskeleg å seie kor lang tid arbeidet tek, då ein aldri veit kva utfordringar ein møter på undervegs. Når arbeidet med duken er gjennomført vil vi trenge ei vekes tid på å reingjere, fylle og varme opp bassenget. Den nye duken skal vere av god kvalitet og eg håpar at han vil vare lenge, avsluttar von Soosten.