Flagget til topps markerte jubileum

Vestborg feirar 70 år

Flaggheising: Elevane Lisa Ertesvåg og Østen Olai Ommedal hadde æra av å heise flagget.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Det norske flagg vart heist til topps for å feire Vestborg Vidaregåande Skule sine fyrste 70 år.

På dagen i dag for 70 år sidan, 9 januar 1949, vart skulen grunnlagd som Storfjord handelsskule før den i 1954 endra namn til Vestborg handelsskule. I 1981 vart skulen omgjort til vidaregåande skule og fekk dagens namn, Vestborg Vidaregåande Skule.

Flagget til topps

Håkon Hovda, rektor ved skulen, hadde samla alle elevar og tilsette på plassen utanfor skulen for ei høgtidleg markering av jubileet. Hovda heldt ein kort tale før flagget vart heisa til topps av to elevar ved skulen, Lisa Ertesvåg og Østen Olai Ommedal.

Fleire markeringar

Jubileet vert vidare markert fyrst under morgonstunda der nyare og eldre bilete av skulen vert vist fram knytt opp mot historia til skulen. Elevane kan også gle seg til jubileumskake i lunsjen. Til hausten skal skulen arrangere eit jubilanttreff der den 70 årige historia igjen vert feira.