Kinotala for 2018

Svak auke for kinoen

Kinosjef: Kinosjef Knut-Arne Humberset kan fortelje om ein liten oppgang i talet på besøkande ved Storfjord Kino i 2018.  Foto: Arkivfoto.

Nyhende

I ein e-post til Sunnmøringen kan kinosjef Knut-Arne Humberset fortelje om ein svak auke i talet på besøkande ved Storfjord Kino i 2018. Totalt var det 4275 besøkande på kinoen dette året. Dette var 133 fleire enn i 2017, noko som utgjer ein auke på 3 prosent.