Årets bedrift 2019

Kan det bli ei ny Stranda-bedrift?

Kven blir årets bedrift: Folk oppmodast til å sende inn sine forslag til Møre og Romsdal fylkeskommune. Illustrasjon: Møre og Romsdal fylkeskommune 

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker forslag om bedrifter som har gjort ein innsats.

Kan det for 2019 bli ei ny Stranda-bedrift?

Slettvoll Møbler på Ødegård vann fylkesprisen Årets Bedrift i 2015.

Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart ut fylkesprisen Årets Bedrift.

Om ein kjenner til ei bedrift i sitt lokalområde som har gjort ein ekstra innsats i fjoråret, oppmodar fylket om at ein sender forslaget til regional- og næringsutvalet i fylket.

Motivere og inspirere

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker med denne prisen å motivere og inspirere til innsats for samfunnet. Utvalet legg vekt på fleire kriterium i si vurdering.

– Bedrifta vi ser etter kan vere lita eller stor, og har gjort ein innsats innan innovasjon, nyskaping eller organisasjonsutvikling eller som har gitt positive ringverknader for omverda, seier Bergljot Landstad regional- og næringssjef.