Veke 3 går mot slutt og Sunnmøringen samanfattar helga.

Vinter og sport

Det har vore ei veke prega av snøv, ras og trafikale utfordringar.
Nyhende

Veke 3 er berre få timar igjen av og i helga har fylgjande skjedd.

Handball

Det var mykje publikum på tribunane i Strandahallen søndag. Stranda jenter 10 spela to kampar i Strandahallen søndag. Stranda skora mot Ørsta i begge omgangane mykje takka godt spel, godt humør og stor entusiasme. Fair play er viktig og det er hyggeleg å sjå at jentene både helsar på kvarandre før kampane og at dei takkar for kampen etter kampslutt. Strandajentene møtte i kamp nummer to Blindheim var ein like underhaldande kamp å sjå på. Stranda handball jenter 10 stilte med ein stor kamptropp som talde 12 jenter.

Andre resultat i handball for Stranda IL sine lag, jenter 11 vant sin bortekamp mot Mauseidvåg/Solevåg. Gutar 11 spela borte mot Ørsta laurdag og mot Bergsøy søndag og noterte seg for siger i begge kampane.

Skiskyting

Sunnylven IL sine skiskyttarar reiste i helga til Ålandsleite der Hardbagg IL skipa til renn laurdag og søndag. Åtte utøvarar representerte klubben i løypene med gode resultat.

Isolert

Geiranger vart isolert frå omverda då eit ras på 100 meters breidde og 5 meters gjekk over vegen på Grandeneset torsdag og vegen er søndag framleis stengd. Rasferje er sett opp og går i trafikk til og frå Geiranger/Hellesylt. Geirangerfjorden vert trafikkert so lenge FV63 er stengd.