Ringstad skule

Bassenget er ferdig

Alt klart: Arbeidet er ferdig og det er endeleg vatn i bassenget.  Foto: Andre von Soosten

Nyhende

Symjebassenget ved Ringstad skule har som kjend vore stengd grunna ein morken bassengduk som førte til store lekkasjar.

Den nye bassengduken har kome heile vegen frå Canada, og var mellom anna fast ei periode i Frankrike grunna opptøyane i landet før nyttår. Den siste tida har ei gruppe arbeidarar frå eit dansk firma vore stasjonerte ved skulen for å få på plass den nye bassengduken.

Endeleg opning

Vaktmeister ved Ringstad skule, Andre von Soosten, kan no melde at arbeidet er ferdig og at danskane har drege heim.

– No er det vatn i bassenget og eg held på med den siste reingjeringa. Eg regner med at dei første elevane går i bassenget på onsdag, seier von Soosten.