Tunge køyretøy

Skjerpa krav til vinterdekk

Vil skjerpe krava: Samferdselsdepartementet vil skjerpe krava til vinterdekk for tunge køyretøy.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Samferdselsdepartementet bad fredag Vegdirektoratet om å skjerpe kravet til vinterdekk for tunge køyretøy. Samferdselsminister Jon Georg Dale vil ha farlege vogntog bort frå norske vegar.

– Det skal vere trygt å ferdast på norske vintervegar. Dette er eit tiltak for auka sikkerheit og framkome på norske vintervegar. Eg ønsker at denne skjerpinga blir gjennomført så raskt som mogleg, og før neste vintersesong, seier Dale i ei pressemelding.