Teknologien som gjer toppturane tryggare

I appen regOps viser fargane på kartet kor bratt og skredfarleg det er. Folk kan dela observasjonar av skredproblem, og appen er eit godt hjelpemiddel til å finna ut om ein er i skredterreng. Foto: Hallvard Østrem / NPK 

Nyhende

Ski som varslar snøskred og detaljerte, lokale skredvarsel som tipsar om alternative turar. Det er nokre av løysingane som skal gjera det tryggare å ferdast i vinterfjellet.