Lesarinnlegg

Familiepolitikk utan likestilling?

Eva Hove, Stordalsordførar og leiar av Ap sitt kvinnenettverk i Møre og Romsdal.  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

Ein ung mann på 33 år tar no over som statsråd for det som til no har vore Barne- og likestillingsdepartementet.

Frå eit likestillingsperspektiv burde ein i utgangspunktet sjå positivt på det. Men kva er det som skjer? Jau, dette departementet skal ikkje lenger ha ansvar for likestillingspolitikken.

Fleire media hevdar at grunngjevinga for dette skal vere at den nye statsråden skal få reindyrke barne- og familiepolitikken -  utan å måtte ta omsyn til likestilling.

Eller kanskje mest av alt: Sleppe å verte sett i forlegenheit i saker som gjeld homofile sine rettar.

Kan ein altså på denne måte «ta avstand frå» homofile og likevel vere medlem av Noregs regjering i 2019? 

Kva er det for eit signal å sende til born i familiar med likekjønna foreldre? Skal familiepolitikken kun omhandle nokre typar familiar? Korleis kan ein lausrive familiepolitikk frå likestillingspolitikk?

Etter mitt syn bør familiepolitikk og likestillingspolitikk vere to sider av same sak.

Det er eit kraftig signal viss det er slik at eit av medlemmene i Erna Solberg si regjering ikkje kan ha ansvar for ein barne-  og familiepolitikk som omfattar alle typar familiar i dette landet.