FV63 Geiranger - Indreeide

Håp om vegopning onsdag

  Foto: Arkiv

Nyhende

Statens vegvesen har hatt synfaring med helikopter på FV63 mellom Indreeide og Geiranger tysdag for å vurdere skredfaren. Konklusjonen etter synfaringa er at skredfaren er minkande, og at ein kan starte vegrydding med ekstra tryggingstiltak.

Det har gått fleire skred på strekninga, og vegen har vore stengd sidan torsdag. Torsdag ettermiddag gjekk òg Grandefonna over Grandestranda.

- Vi har starta oppryddinga ved Grande, og vil òg starte å frese frå Indreeide i dag tysdag. Vegen har ligge urøyrt sidan torsdag, og det er for mykje snø til å kunne bruke vanleg brøytebil. Difor må vi bruke snøfres, seier seksjonsleiar Torgeir Bye i ei pressemelding frå Vegvesenet.

Det er omlag 1, 2 mil veg som må ryddast før vegopning er aktuelt. Prognosene for vêr og vind er positive, men vindauke kan òg medføre at rasfaren auker.

- Tryggleiken til både arbeidsfolk og trafikantane er overordna alt vi gjer. Men med det vi veit no, så har vi håp om at vegen kan opne i morgon ettermiddag. Men vi må sjølvsagt følgje skredfaren tett, seier Bye.

Ferja mellom Geiranger og Hellesylt fortset å gå i rasrute fram til vegen opnar.