Gjengrodd skuleveg gav spire for tettstadutvikling

Vil syne fram Stranda

Antonusvegen anno 2017, gjengrodd og vilter. Krattvekst overalt stenger all utsikt.

Stranda tettstadutvikling: Det var desse tre som fyrst starta Stranda Tettstadutvikling. Seinare har Randi Ansok og Helge Ibrahim også kome med på laget.  Foto: Privat

Nyhende

Stranda Tettstadutvikling kom i gang etter eit folkemøte i april 2018. Ronny Ødegård presenterte sine tankar og synspunkt i kulturhuset. Rett i etterkant kom Gitte Langlo og Trond Arve Ansok med ønske om arbeide vidare saman med Ødegård om tankane han hadde presentert. Seinare har også Randi Ansok og Helge Ibrahim blitt ein del av laget.