Tilbod til alle strandarar

Sender ut varsling på telefon

illustrasjonsfoto  Foto: Tetiana Vitsenko/Colourbox

Nyhende

Stranda kommune tilbyr no varslingar frå kommunen til telefon - både via SMS og ved talemeldingar. Dette er kalla eit UMS-varsel.

UMS-varsel vart gjort mellom anna i samband med raset i Geiranger torsdag.

- Dette gjeld varsling om feiing og tilsyn, brot på vassleidning, stenging av vegar og andre drifts- og vedlikehaldshendingar, skriv kommunen på si heimeside.

SMS-varselet blir merka "kommunen". Om ein vel å få talemelding, vil du bli ringd opp og du får veilledning om framgangsmåte vidare.

Om du har reservert deg mot telefonsal eller har hemmeleg nummer, kan det vere at du ikkje får varsel.

Du kan sjekke registreringa på ditt telefonnummer på Servicevarsling si nettside.