Rassikring på FV63

Kontrakt signert fredag

Synfaring i samband med planlegginga av tunnel mellom Korsmyra og Indreeide. Kontrakt på forskjeringar er no signert.  Foto: Fotograf: Statens vegvesen

Kontrakt på første trinn av rassikringa på FV63 vart gjort fredag. Til venstre dagleg leiar i Lesja Bulldozerlag, Ann-Kathrin Storhaug von Rappe, og t.h. prosjektleiar i Statens vegvesen Arne Ola Stavseng. 

Nyhende

Statens vegvesen har skrive kontrakt om forskjeringane på rassikringstunnelen mellom Indreeide og Korsmyra på FV63, skriv vegvesenet i ei pressemelding.

Lesja Bulldozerlag AS vann anbodet, og hadde lågast pris. Dei skal no i gang med å fjerne lausmasser og lage forskjeringane til tunnelen.

- Kontrakten med Lesja Bulldozerlag AS er på 12, 7 millionar kroner pluss moms. Arbeidet skal utførast i år, med oppstart i månadsskiftet januar/februar, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng.

Planen er at det blir oppstart på bygging av tunnelen hausten 2019, med ferdigstilling hausten 2022.

Det er 13 registrerte snøskredpunkt på strekninga, og det skal byggast ein 4,8 km lang fjelltunell som vil sikre denne delen av FV63 mot snøskred.

FV63 har fleire gongar denne vinteren vore stengd grunna skredfare på strekninga Indreeide - Korsmyra, og vegen vart sist opna onsdag kveld etter stenging.