Helse-, oppvekst- og kulturutvalet

Tilrår billigare norskopplæring

Rådmannen tilrår at norskopplæringa for vaksne blir billegare for vaksne som ikkje har rett til gratis norskopplæring. Saka skal opp i HOK tysdag.  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyhende

Helse-, oppvekst- og kulturutvalet (HOK) har møte tysdag neste veke, og ei av sakene på sakskartet er reduksjon i satsen for eigenbetaling på norskopplæring for vaksne.

Dette gjeld vaksne som ikkje har rett til gratis norskopplæring i vaksenopplæringa.

- Språk som inngang til integrering har stor verdi. Stranda kommune bør sette ned prisen på norskopplæringa slik at tilbodet vert tilgjengeleg for fleire, skriv rådmannen i si vurdering.

- Tilbod tilgjengeleg for fleire

Prisen på norskopplæringa har ikkje vore justert sidan 2011, anna enn justering for generell prisauke. Prisen per no er 7.000 kroner per semester, totalt 14.000 kroner.

Rådmannen tilrår i saksinnstillinga til HOK at prisen vert sett til 3.500 kroner per semester, altså ei halvering.

- Vi ser at mange arbeidsinnvandrar som må betale norskopplæringa sjølve, ikkje melder seg på. Meldingane er at prisen er for høg. Dette kjem også fram i intervju med fleire av dei som vart intervjua av lokalavisa i samband med ein artikkelserie om tilflytting til Stranda, skriv rådmannen i saksutgreiinga.


Debatten om folketalsutviklinga i Stranda

– På Stranda kan vi leve ut draumen vår

– Vi lova oss sjølve at om vi først skulle flytte til utlandet, skulle vi følgje draumane våre der. Og draumane har vi kunne realisere fullt ut på Stranda, seier Donka Petkova.

 

Det er vaksenopplæringa sjølv som har tatt til orde for å redusere eigenbetalinga. Rådmannen skriv i saksutgreiinga at det vil føre til reduksjon i kommunen sine inntekter, men er venta å bli veid opp av auka rekruttering til språkopplæringa.

- Samstundes vil vi klare å setje i gang ei kveldsgruppe, som eit resultat av samarbeid med bedriftene på Stranda. Målet er at det vil styrkje den eksterne finansieringa ytterlegare, skriv rådmannen.