Ny utredning av drift ved Liabygda skule

Ønsker å behalde småskulen

Foreldrerådets Arbeidsutval ved Liabygda skule tilrår deling av skulen i Liabygda.

Samlokalisering: FAU ved Liabygda skule tilrår at Liabygda barnehage og 1.-4. klasse ved Liabygda skule vert samla i desse lokala. Foto: Johan Behrentz  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

FAU tilrår i eit brev til Kommunalsjefen i Stranda kommune at småskulen vert verande i Liabygda medan mellomtrinnet flyttast til Ringstad skule.

Eit oppvekstsenter som rommar barnehage og 1.–4. klasse meiner FAU at vil styrke dei psykososiale forholda. Ei større barnegruppe vil gjere det mogleg å tilby eit godt fagleg tilbod.

Ulike behov

Barn og ungdom sine behov for sosialisering og psykososiale forhold er bakgrunnen til at FAU tilrår flytting 5.–7. klasse. FAU forventar at skuleskyss, inkludert kryssing av fjorden, vert varetatt på beste måten for barna. Dei syner til logistikkutfordring når elevane sluttar samtidig med pause i trafikken på fjorden. Ei løysing på dette kan vere leksetid på skulen medan dei ventar på ungdomsskuleelevane som reiser heim noko seinare på dag.

– Liabygderane ser på dette som kommunen og politikarane si anledning til å kunne støtte opp under ønske om sterke bygdelag, avsluttar FAU ved Liabygda skule i brevet.