Politikontroll på FV60

Fleire tatt for fart

Nyhende

Politiet melder på Twitter måndag ettermiddag at dei har gjennomført ein politikontroll på FV60 i Straumgjerde.

Politiet kontrollerte farta på bilistane i femtisona på staden, og resultatet vart tre forenkla forelegg.

Høgste hastigheit vart målt til 67 kilometer i timen.

Måndag ettermiddag heldt politiet fartskontroll i sekstisona i Velledalen.

Denne kontrollen førte til to forenkla forelegg.

Høgste hastigheit i denne kontrollen vart målt til 84 kilometer i timen.