44 personar meldt for trygdesvindel

  Foto: Colorbox

Nyhende

NAV meldte i 2018 44 personar i Møre og Romsdal for trygdesvindel. Dei som er meldt til politiet oppheldt seg anten i utlandet med stønad, eller vore i arbeid og ikkje har hatt krav på stønad.

Dette skriv NAV i ei pressmelding.

Totalt skal det ha vore avdekt trygdesvindel for 7, 7 millionar kroner i fylket i 2018.

- Av dei 44 meldte i Møre og Romsdal er sju personar sikta for ulovleg eksport av stønad (utanlandsopphald journ. anm) og 36 personar har jobba utan å melde dette til NAV. Vi jobber for å hjelpe folk i arbeid. Det er alvorleg når dei medvitent skjuler at dei jobbar og samtidig mottek støtte frå NAV. Det er svindel av felleskapet sine midlar og er med på å undergrave tilliten til vårt velferdssystem, seier avdelingsdirektør i NAV Kontroll nord Jannike Syse.

Høgsterett har uttalt at trygdesvindel over 1 G (90. 000 kroner journ. anm) normalt skal gi fengselsstraff, i tillegg krev NAV alltid tilbake pengane.

Ein person frå Møre og Romsdal vart i 2018 dømt til åtte månader i fengsel for svindel av arbeidsavklaringspengar for 980.000 kroner, då vedkommande ikkje førte timar på meldekorta.

Samkøyring av offentlege register avdekkjer dei fleste sakene, mellom anna gjennom kontroll av opplysningar gitt til NAV saman med opplysningar om inntekt frå Skatteetaten.