Færre observerte hjort og lågare snittvekt på slakt

Bestandsutvikling for hjort

Bestandsutviklinga frå 2015–2018 for Stranda kommune syner tilbakegang på fleire felt.

Nedgang: Både talet på observerte hjortedyr og prosentdel av felte dyr har hatt ein nedgang i Stranda kommune frå 2017 til 2018.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Det våte og sure haustvêret kan kanskje ta noko av skylda for at talet på jegerdagar gjekk ned frå 3414 i 2017 til 2991 i 2018. Statistikken syner også færre observasjonar av hjort pr. jegerdag. I 2018 såg jegerane i snitt 1,56 hjort per dag medan dei året før såg nesten 2 per dag.

Jegerane observerte færre koller pr. bukk, færre kalv pr. kolle og færre spissbukk pr. bukk. Av dei sette hjortedyra er det berre prosentdelen av koller som auka frå 14,62 prosent i 2017 til 15,22 prosent i 2018. Det vart eksempelvis skote berre 8,19 prosent av dei observerte bukkane i 2018 mot 16,67 prosent i 2017.

  Foto: Skjermbilde hjorteviltregisteret.no

Slaktevekt på hannkalvar auka frå 25 kg i 2017 til 2018 medan det på hokalvar syner ein nedgang frå 25 kg i 2017 til 22 kg i 2018. 1 ½ år gamle dyr har same tendens med ein svak auke frå 48 kg til 49 kg hos hanndyra og ein nedgang frå 44 kg til 43 kg hos hodyra.

  Foto: Skjermbilde: Hjorteviltregisteret.no

 

– Vekter på kalvar og 1 ½-åringar kan gi eit godt bilete på endringar i bestandskondisjon, medan vektutvikling hos eldre dyr i stor grad er påverka av kva årsklasser som er felt under jakta det enkelte dyr, står det å lese på hjorteviltregisteret sine nettsider.

Ser ein på gjennomsnittsvekt på hodyr eldre er vekta uforandra på 57 kg. Snittvekt på hanndyr eldre gjekk ned frå 79 kg i 2017 til 74 kg i 2018.


Tok ut om lag halvparten

Nedgang i felte dyr

Tala for felte hjort i Stranda kommune i 2018 er klare. Dei viser ein klar nedgang i talet på felte hjortedyr i Stranda kommune.