Opnar for lengre utflukter

Gratis på buss

Transportselskapet FRAM melder at frå 1. januar i år får barnehagebarn reise gratis på deira bussar.

Barnehagebarn gratis: På FRAM sine bussar reiser barnehagebarn i fylket gratis so lenge bussen ikkje tek ferje eller reiser gjennom bom.  Foto: Møre og Romsdal fylke

Nyhende

– Dette er ein veldig god moglegheit for barnehagane til å kome seg lengre ut på tur utan at det går utover økonomien, seier seksjonsleiar Konrad Lillevevang i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Barn reiser gratis, men dei vaksne må løyse billett. Ferje og bompengar vert ikkje dekt av tilbodet og det vil seie at om bussen køyrer med ferje eller gjennom bom på turen, må barnehagen betale for dette.

FRAM kundesenter treng å vite talet på reisande, kva rute som skal reisast på og kva avgang seinast klokka 12.00 dagen før reisa. Dette er særskilt viktig dersom det er ei større gruppe barnehagebarn som skal reise. Barnehagar kan nytte tilbodet alle kvardagar mellom klokka 09.00 og 13.00.