Geiranger og Hellesylt

Framleis bygdekino

10 dagar med kinoframsyningar vert det både på Norsk Fjordsenter i Geiranger og på Sunnylven Samfunnshus på Hellesylt i 2019.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

HOK vedtok tysdag samrøystes å følgje rådmannen si tilråding om å gi Bygdekinoen konsesjon til framsyning av kino på Norsk Fjordsenter i Geiranger og Sunnylven Samfunnshus på Hellesylt.

Både Geiranger og Hellesylt får i 2019 besøk av Bygdekinoen 10 gongar kvar. Framsyningsutgiftene på 37500,- for begge stadane er allereie innarbeidd i budsjett for 2019.

Rådmannen skriv i si tilråding at ordninga med Bygdekinoen fungerer godt, og at det i mangel på tilbod for born og unge i Geiranger og på Hellesylt, er eit tilbod som er viktig å halde fram med. Spelestaden får utbetalt delar av overskotet dersom speleinntektene overstig kr 1100,- for ein spelekveld.