FV63 Geiranger - Eidsdal

Grandefonna har gått på nytt

Grandefonna skal ha rasa på nytt, knappe to veker etter førre gong. Ingen skal vere tatt av skredet i følge politiet. Vegen er stengd.  Foto: Illustrasjonsfoto: Willy Fredheim

Nyhende

FV63 mellom Geiranger og Eidsdal er stengd grunna ras som gjekk litt over klokka fire onsdag ettermiddag.

I følge Møre og Romsdal politidistrikt er det Grandefonna som har rasa på nytt - dette melder politiet på Twitter.

Det skal ikkje vere tatt nokon av raset.

- Vi undersøker på staden, seier politiet.

Det er ei knappe to veker sidan Grandefonna sist rasa i Geiranger.

Vegen blir ikkje opna i dag onsdag. Frå torsdag morgon blir det sett opp rasferje mellom Geiranger og Hellesylt.