Telenor moderniserer

Det er på høg tid med ei modernisering i infrastrukturen til Telenor, skriv dei i eit brev til Stranda kommune.

Fasttelefon: Fasttelefonen vil framleis vere å finne i heimar rundt i landet, men det vil vere ei meir framtidsretta teknologi.  Foto: Sunnmøringen

Nyhende

Telenor ønsker å erstatte dagens koparnett med fiber- og mobilnett. 99,7 prosent av Noregs befolkning har 4G utbygd der dei bur, og innbyggarar med fasttelefon sank frå 2 mill. i 2001 til om lag 330.000 i dag. Vedlikehald på det gamle koparnettet kostar for mykje.

Telenor har utarbeidd ein tidsplan på delar av moderniseringa, men sluttdato er ikkje sett enda. I Stranda kommune har Telenor 9 sentralar med koparlinjer dei ønsker å modernisere. Foreløpig er sentralen Helstadgrend planlagd nedlagt 31. desember 2020. Dei andre 8 i Stranda fortset som før, men det kan kome endringar.

Kundane kjem til å få tilgang til meir driftssikker og framtidsretta fasttelefon, ein mobil heimetelefon/breibandtelefon. Også kundar med breiband vil få tilbod om nye produkt. Alle råka kundar vert kontakta.

For innbyggarar med tryggleiksalarm er det helse- og omsorgsetaten som må ta kontakt med Telenor for å saman finne ei løysing til kunden.