Byggefeltet Kopane i Geiranger

Tilrår å tillate einebustader

Geiranger sentrum: Fast utval for plansaker (PLA) tilrår at byggefeltet i Kopane i Geiranger blir omregulert frå konsentrert småhusbebyggelse til frittliggande, altså at det blir tillate å byggje einebustader i byggefeltet. arkivfoto: anniken westad  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Fast utval for plansaker (PLA) tilrår samrøystes å omregulere byggefeltet i Kopane frå konsentrert til frittliggande småhusbustader.

Kopane var opphavleg definert som rekke- eller kjeldehus og fleirmannsbustad, og dette omfattar ikkje einebustader under definisjonen «konsentrert småhusbebyggelse» i rettleiinga til Miljøverndepartementet.