Sveitsarar på tur

– Ein blir berre mållaus

Nøgde sveitsarar: Res Hausammann, Phillip Florin, Marco Züllig og Martin Spycher var svært nøgde med opphaldet på Stranda.  Foto: Ole Tommy Hanssen

Nyhende

Når ein tenker på Sveits ser dei fleste for seg snødekte fjell og tallause skimoglegheiter. Sjølve alpelandet. Kvifor har då fire sveitsarar tatt med seg ski og snøbrett til Stranda?

Sunnmøringen møter dei fire sveitsarane på Villa Lovise der dei har budd siste to nettene. Dei har nyss fått i seg frukost og er i gong med å pakke saman sakene for køyreturen vidare. Dei kan fortelje at uansett kvar dei dreg får dei det same spørsmålet.