Hyttehola arena for skiskyting

Landsdelsmeisterskap

Skiskyttarar frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal møtast til dyst i Hyttehola fleirbruksanlegg.

Stor aktivitet: Det vert stor aktivitet i Hyttehola fleirbruksarena i helga når Sunnylven IL inviterer til Landsdelsmeisterskap Vest i skiskyting.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Komande helg står Sunnylven IL som arrangør når Landsdelsmeisterskap Vest i skiskyting vert arrangert. Det er to renn som går i helga. Laurdag klokka 13.00 går skiskyttarane sprintløp med tilhøyrande strafferundar. Søndag klokka 11.00 er det normalløp som er konkurranseforma.

– Mykje skal på plass før ei slik helg, seier rennleiar Magne Brekke i arrangørklubben men påpeikar at det er smådetaljar som står igjen før alt skal vere klart til rennstart laurdag klokka 11.00.