Berekn god tid på fv. 63 mellom Geiranger og Eidsdal

Startar med sprengingsarbeid

Dei komande månadane må pendlarar og andre trafikantar rekne med å bruke ekstra tid på strekninga mellom Korsmyra og Indreeide.

Beregn god tid: Entrepenøren Lesja Bulldozerlag er i gang med sprengingsarbeidet som medfører kortare stengingar på fv. 63 på Korsmyra/Indreeide.  Foto: Arne Ola Stavseng/Statens vegvesen

Nyhende

Entreprenøren Lesja Bulldozerlag AS starta denne veka på arbeidet med forskjeringane til fjelltunnelen mellom Indreeide og Korsmyra. Dette arbeidet skal etter planen vere ferdig til hausten i 2019.

I anleggstida vil det bli nødvendig å stenge fylkesveg 63 i kortare periodar.

Sprengingsarbeid

- På grunn av sprengingsarbeid må trafikantar rekne med eit opphald på inntil fem minutt. Derfor oppmodar vi dei som skal rekke ferga frå Eidsdal om berekne ekstra god tid frå Geiranger, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens vegvesen.

Det vil pågå arbeid på Korsmyra og Indreeide fire dagar i veka, frå måndag til og med torsdag.

Klikk for meir informasjon om prosjektet