Foreslår fortrinnsrett på ferja

Stor trafikk: Ferjesambandet Eidsdal–Linge har stor trafikk om sommaren. Dette kan føre til forseinkingar for lokalbefolkninga.  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

For lokalbefolkninga fører den store turisttrafikken om sommaren ofte til forseinkingar i kvardagen.

Spesielt dei to ferjesambanda i området er typiske flaskehalsar. Samferdselsutvalet skulle onsdag vurdere situasjonen på ferjestrekningane Stranda–Liabygda og Eidsdal–Linge i sommarmånadane.

Forslaget frå Kristin Sørheim (SP) var at Stranda–Liabygda får same ferjetilbod som i fjor sommar, medan Eidsdal–Linge går over til to-ferje løysing.

Det vart også fremja forslag om at det vert delt ut fortrinnsrett til lokalbefolkninga som har behov og som ber om dette. Saka vart utsett med åtte mot to røyster.

Mange attståande bilar

Eidsdal–Linge er den ferjestrekninga i fylket med klart flest attståande bilar. I perioden juni, juli og august 2018 var talet på attståande bilar nesten tjue tusen.

Fylkesrådmannen tilrår at busette og firma i Norddal kommune og Geiranger får fortrinnsrett på ferjesambandet Eidsdal–Linge og at ferjetilbodet for begge ferjestrekningane vert det same i sommar som i fjor sommar.