FV63 Grandestranda

Samrøystes om rassikring

Frank Sve fremja onsdag framlegg i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylke om rassikringstiltak i Geiranger, som fekk samrøystes tilslutting.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har samrøystes vedteke å be om planlegging av sikringstiltak på FV63.

Samferdsleutvalet hadde møte onsdag, og rassikringssaka om Geiranger vart lagt inn som ei ekstrasak.

Frank Sve (Frp) fremja framlegg om at ein ber administrasjonen i fylket om å igongsette planlegging av naudsynte tiltak for sikring av Grandefonna og Sildesteinen på FV63 i Geiranger - både på kort og lang sikt.

- Samferdsleutvalet ber òg om at Stranda kommune startar opp naudsynt detaljregulering for dette området i samarbeid med Møre og Romsdal, sa framlegget til Sve vidare.

PLA-møte neste veke

Fast utval for plansaker i Stranda kommune (PLA) har møte neste torsdag, der ein vil handsame oppstart av detaljregulering for Grande- og Maråkstranda.