Hurricane gir seg på topp

Hyllest til Bob Dylan

Etter 10 år og 2–5 konsertar i året takkar no Hurricane for seg. Det strandabaserte bandet som hyllar Bob Dylan held avslutningskonsert i Storfjord kulturhus fredag.

Teaterfabrikken: Hurricane har spela konsertar også utanfor Stranda. Her frå Teaterfabrikken i Ålesund i 2017.  Foto: Sigurd Drege

Og ein gang blei vi Tre Vise Menn booka privat, for pengar. Det var stas!

Nyhende

På scena står Tom Raab, Morgan Pedersen, Svein Furset, Peder Lundanes, Halstein Kurseth, Sigurd Drege og Geir Olav Drege. Opphavleg besetning av Hurricane side ved side med gjestemusikantane Øystein Braaten, Kjetil Lervåg og Timo Raab. I front står Tom Raab som er ein stor Dylan fan. Han kjøpte si fyrste vinylplate då han var 12 år og har no alle Dylan sine plateutgivingar.