Nedkjølt og magert

Sau overvintra ute

Ikkje alle sau og lam kom heim til bonden sin i haust. Eit av dei har hatt ei tøff tid.

Heldigvis kjem dei fleste sau og lam heim til bonden frå utmarka.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Fjorslammet har gått ute i heile vinter og har vore observert nokre gangar i fjella før det no vart funnen i området bak Rundekummen på Stranda. Her har lammet trakka seg løyper i granskogen i området.

Det var ein hund som gjorde eigaren sin oppmerksam på lammet. Hundeeigaren fekk hjelp til å bringe lammet som i fyrste omgang vart teken vare på av veterinær Niek Schreijer.

– Lammet var full av snø, nedkjølt og magert, naturleg nok etter å ha gått ute i heile vinteren med vanskeleg tilgang på mat, seier Schreijer.

Langsam oppvarming gjorde at det nedkjølte og svoltne lammet kom seg til hektene og tok til seg mat igjen.

– Bonden sjølv var og henta lammet torsdag kveld, fortel veterinær Niek Schreijer.