Sjette trinn ved Ringstad skule

Streika for miljøet

Elevane ute i sentrumsgatene i samband med miljøstreiken.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Ordførar Jan Ove Tryggestad og einingsleiar for kommunalteknikk Cato Andersen fekk mange spørsmål frå elevane.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Sjettetrinn ved Ringstad skule var i morgontimane fredag ute på miljøstreik i Stranda sentrum.

Inspirert av ung svenske

- Vi såg Supernytt sin reportasje om Gretha Thunberg (15) som streika for miljøet, og syns det var kjempebra. Så vi ville gjere det same, og byrja å snakke saman på tysdag, seier Bastian Svendsen (12) som går sjette trinn på Ringstad skule.

Så sagt, så gjort: Bastian, Kornel Svedo, Filip Hostacny, Noah Sund og Nathaniel Siem Andersen sette seg ned med eit mål om å få til ein demonstrasjon - og ballen byrja rulle.

- Vi tok det opp i vår klasse først, og mange ville vere med. Så tok vi kontakt med A-klassen, og dei ville vere med saman med oss. Så vi utforma eit skriv der vi spurde foreldra om vi fekk lov til å demonstrere, og nesten alle er med, smiler Bastian.

Elevane har laga plakatar på skulen, og stilte utanfor Skinkerådhuset fredag morgon. Dei gjekk òg rundt i Stranda sentrum, og fekk oppmuntringar frå både køyrande og gåande i sentrumsområdet.

- Politikarane må gjere meir og snakke mindre, seier elevane om miljøet.

Møtte elevane

Og både politisk leiing og administrasjonen i Stranda kommune var representerte. Både ordførar Jan Ove Tryggestad og einingsleiar for kommunalteknikk Cato Andersen møtte dei engasjerte elevane, og fekk mange spørsmål.

- Eg er kjempeimponert over elevane, som kom med mange relevante spørsmål, seier Tryggestad.

- Det er tydeleg at vi har vaktbikkjer som passer på oss, og det er bra. Vi kjem til å få tilbakemeldingar om vi ikkje gjer det vi skal. Å gjere det tilgjengeleg å kaste boss var noko elevane var veldig opptekne av, og det skal vi etterkomme, seier Andersen.

Elevane på si side var godt nøgde med svara frå ordføraren:

- Vi har trua, seier dei.