Undersøking frå Forbrukerrådet

Nesset er kommunen som snakkar best med innbyggjarane

Forbrukarrådet har testa kor gode kommunane er til å hjelpe folk som har spørsmål om ulike kommunale tenester, for eksempel barnehagar. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK 

Nyhende

Nesset i Møre og Romsdal toppar Forbrukarrådets kåring over kommunane som er flinkast til å hjelpe innbyggjarane som har spørsmål om kommunale tenester.

– Gratulerer til Nesset kommune. Dei skjønner kor viktig det er å snakke med innbyggjarane sine og gi raske og gode svar. Då viser dei at dei tek på alvor at kommunane har tenester som er viktige i liva våre, seier direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet.