FV63 Geiranger - Indreeide

Ny vurdering onsdag morgon

Nyhende

FV63 mellom Eidsdal og Geiranger stengde måndag ettermiddag klokka 1530.

Kåre Berge i Vegvesenet seier at vegen blir stengd inntil vidare. Det er rasfare ved Langvasstjønna.

Ny vurdering blir gjort onsdag klokka 10 - fram til då går rasferja i trafikk mellom Geiranger og Hellesylt etter den faste rasruta.