Snøskredfaren auker

  Foto: Colourbox.com

Nyhende

NVE sin snøskredvarsling varsom.no set opp faregraden for snøskred til 3 - betydeleg fare for snøskred. Varselgrad tre gjeld både i dag måndag og i morgon tysdag.

Stort snøfall i vårt område søndag kveld og måndag gjer at faregraden auker, meir snø er på veg.

- Unngå bratte heng og terrengfeller under og etter snøfall til nysnøen har stabilisert seg. Skredproblemet fins overalt der det ligg mykje nysnø i bratt terreng. Sjå etter nysnø som bind seg saman til mjuke flak og sprekk opp eller fester seg dårleg til den eldre snøen under, rår varsom.no til.

- Snø som sprekk opp rundt ski/brett er eit typisk fareteikn, skriv dei.

Skredvurderinga

- Vinden aukar opp mot NV stiv kuling. Dette kjem saman med 10-20 mm nedbør, mest i Stordal og Norddal, men dette er usikkert pga. snøbyer som vil fordele snøen ujamt. Det er vedvarande svake lag i snødekket. Skredfaren aukar måndag. Sjansen for naturleg utløyste skred er størst der det kjem mest snø og mens vinden står på. Fjernutløysing av skred er mogleg pga. vedvarande svake lag i snødekket, skriv varsom.no.

Skigåarar blir rådd til å halde god avstand til kvarandre ved ferdsel i skredterreng - størst sjanse for å løyse ut skred er det der snødekkjet er tynt, nær ryggar og framstikkande steiner. Det er mogleg at ein kan fjernutløyse skred.

- Drønnelydar og skytande sprekker er tydelege teikn på at de påverkar svake lag og bør unngå skredterreng. Fråver av slike teikn betyr ikkje at det er trygt. Ver ekstra varsam og tenk konsekvens når du gjer vegval, særleg i ukjend terreng samt etter snøfall eller vind og i periodar med temperaturstiging.