Fjellområdet i Hornindal/Stranda

Statens kartverk har gjort vedtak

  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

Namnesaka som vart fremja for Statens kartverk om fjellområdet på fylkesgrensa mellom Hornindal kommune og Stranda kommune har no fått ei avgjerd.

Statens kartverk har gjort vedtak om følgande:

- Namnet på eit fjellparti får vedteke skrivemåten Lidafjellet. Namnet høyrer til fjellpartiet sør for Trollaksla.

- Namnet på fjelltopp med høgde 1374 får vedteke skrivemåten Sætrenibba.

- Namnet på skaret nord for Trollaksla får vedteke skrivemåten Sætreskaret.

- Det er stadfesta at Trollaksla er rett plassert på kartet, og får vedteke skrivemåten Trollaksla.

Høyringssvar

Saka har vore ute på høyring i førekant av vedtaket frå Statens kartverk. Stranda kommune har ikkje svart på høyringa, men Hornindal kommune har kome med høyringssvar.

Det var Hornindal kommune si tilråding at Sætreskaret skulle med i namnesaka, og dette fekk kommunen gjennomslag for.

Både Sætrenibba og Lidafjellet vart tilrådd vedteke skrivemåte frå Hornindal kommune og seinare Språkrådet.