Elevar sytte for hygge og god mat

Velduftande glede

Ti elevar frå helse- og oppvekstfag og restaurant- og matfag ved Stranda Vidaregåande Skule serverte mat og glede til bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter.

Elevar ved helse- og oppvekstfag på Stranda VGS trilla terning og spela Ludo saman med bebuarane på Sunnylven omsorgssenter.  Foto: Eivind Louis Helset

Kunstverk: Bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter fekk sjansen til å vise sine kunstnarlege evner. Kunstnar Lisbeth Øie var med og rettleia.  Foto: Eivind Louis Helset

Elevar på helse- og oppvekstfag: Anette, Maria, Emilie, Anna, Silja og Jennifer, 4 elevar var ikkje til stades.  Foto: Eivind Louis Helset

Institusjonskokkar: Saman med lærar Per Alnes var elevane Jakob, Biniam, Tom Arne og Moa med og sytte for eit godt måltid til dei eldre  Foto: Eivind Louis Helset

Lammefrikassé: Ein norsk tradisjon, riktig so innbydande.  Foto: Eivind Louis Helset

Tjukkmelkspudding: Etter ein god middag høyrer gjerne ein god dessert med.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Lærarane Per Alnes på restaurant- og matfag og Inger Marthe Sævik på helse- og oppvekstfag tok med seg elevane sine til Hellesylt i prosjektet «Livsglede og eldre». Anette, Maria, Emilie, Anna, Silja og Jennifer, 1. klasseelevar på helse- og oppvekstfag, var med og spela spel med dei eldre. Dei hjelpte til med når kunstverk vart måla Terningane rulla og brikkene vart flytta rundt på ludobrettet, målarpenslane farga kvite lerret til vakre måleri og med tonar frå lærar Alnes svinga endatil nokre av bebuarane seg til ein vals.

Ansikt forma til eit smil

– Ein kan sjå kor dei eldre vaknar til liv ein slik dag, seier Sævik, og legg til at det er viktig å gi dei unge elevane eit innblikk i det som er eit fantastisk flott og spennande yrke. Slike tilstellingar gir dei ein liten smak på yrkesvalet deira.

Fantastisk yrke

Ho snakkar ivrig om yrket ho lærer frå seg til elevane.

– Vi står framfor ei eldrebølge som vi veit kjem, og den er det viktig å ruste seg til å hanskast på best mogleg måte. Vi er heldige på Stranda med eit godt skulemiljø og vi opplever gledeleg stor pågang til helsefaga, seier Sævik.

Norsk tradisjonsmat

Forutan å trakte tangentane til god musikk hjelper Per Alnes sine elevar på kjøkenet. Det duftar nydeleg av lammekjøt og grønsaker frå grytene. På menyen i dag stod lammefrikassé til middag og tjukkmelkspudding med villkirsebærsaus til dessert, tradisjonsrik norsk mat. 2. klasse elevane Biniam, Tom Arne, Moa og Jakob ved restaurant- og matfag lagde til maten. Elevane utdannar seg til institusjonskokkar og ein ønsker å bli servitør.

Lukta av nykokt potet

Tallerkenane med lammefrikassé synte seg å raskt bli tomme. Dei eldre synest godt om maten og lovorda sat laust.

– Tenk at noko so enkelt som lukta av nykokte poteter kan gje so mykje glede, sa Ruth Helene Hole Aaland, leiar i pårørandeforeininga ved Sunnylven omsorgssenter.