Klimasats-søknader skaper splid

Klager til Fylkesmannen

Framstegspartiet klager kommunestyrevedtak om søknad om pengar til Klimasats til Fylkesmannen.

LOVLEGKLAGE: Frank Sve stilte seg kritisk til at Klimasats-søknadene frå Stranda kommune ikkje har vore fremja for fagutvalet og at dei økonomiske konsekvensane for kommunen er uklare. Framstegspartiet har fremja lovlegklage til Fylkesmannen om å gjennomgå vedtaket. arkivfoto  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Nyhende

Jamfør Kommunelova paragraf 59 kan tre medlemmar av kommunestyret fremje lovlegklage til Fylkesmannen, som kan stadfeste eller underkjenne vedtak gjort i kommunestyret. Frp ber Fylkesmannen vurdere om sakshandsaminga er korrekt, om ein bryt lov om offentlege anskaffingar og om vedtaket er gyldig då det ikkje er gjort budsjettvedtak i saka.