21. februar er offentleg flaggdag

Leiting etter flagget

Hans Majestet Kongen feirar i dag 82 år.

Ingen flagg var heisa ved Stranda omssorgssenter  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Hans Majestet Kong Harald var fødd 21. februar 1937 og feirar i dag 82 år. Dagen i dag er offentleg flaggdag ifølge paragraf 4 i Flaggforskriften, og paragraf 6 i Flaggforskriften seier at det på statlege verksemder i februar månad skal heises flagg klokka 09.00 og hales ved solnedgang, likevel ikkje seinare enn kl. 21.00.

Når det gjeld privat flaggbruk finst det ingen lovpålegg for bruk av flagget, men det er vanleg praksis å følge det offentlege reglementet.

Ein av Sunnmøringen sine lesarar kontakta redaksjonen og sa at vedkomande ikkje hadde sett noko flagg på Stranda kommune sine flaggpunkt. Etter ei lita rundreise på Stranda var der ingen flagg å sjå som var heisa verken på Skinkerådhuset, omsorgssenteret eller nokon av skulane.

På den vesle rundreisa var der heller ingen flagg å sjå på private flaggstenger.