72 millionar til kultur i Møre og Romsdal

Geiranger: Stiftinga Geiranger Verdsarv er ein av organisasjonane som mottek faste driftstilskot.  Foto: BIL

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune har fordelt 72 millionar kroner i driftstilskot til 88 kulturorganisasjonar og kulturinstitusjonar i fylket.

Rundt 50 millionar kroner av tilskota er faste tilskot til kulturinstitusjonar som Teatret Vårt, Romsdalsmuseet, Atlanterhavsparken og Moldejazz.

Resten er eittårig og treårig støtte til ei lang rekke kulturtiltak i fylket, mellom andre Vestnorsk filmsenter, Ålesund symfoniorkester, Nordmøre mållag, Storfjordens venner, Bjørnsonfestivalen, festivalarrangøren Momentium og Dei nynorsk festspela.

– Målet med pengestøtta er at kulturlivet skal få betre kår, slik at dei skal vere i stand til å planleggje fram i tid og ha føreseielege rammer, seier leiaren for kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal, Marit Nerås Krogsæter.

I dei nye retningslinjene som kom i 2018, vart det understreka at også kommunane må bidra med pengestøtte til dei organisasjonane og institusjonane som får kulturstøtte frå fylket.

Lokale tilskott

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv ligg under ordninga faste driftstilskott, som i år er på 1.865.000 kroner.

Sunnmøre Friluftsråd, der Stranda kommune er medlemskommune frå 2017, har fått eit treårig driftstilskott på 630.000 kroner.

Storfjordens Venner har fått eit treårig driftstilskott på 35.000 kroner.

Samla har kommunane i Møre og Romsdal fått treårige driftstilskott på 4.450.000 kroner.